Laurdag 21. Juli 2018


Kosekveld med 6b

Torsdag 18.11.2009 var 44 elever og foreldre samla til kosekveld/aktivitetskveld i klasserommet til 6b. Det blei laga båtar og stylter på sløyden og elevane deltok med dans, speling, rapping og leik.

I haust hadde  foreldra foreldremøte. Då kom ein ide om at 6B kunne ha kosekveld/aktivitetskveld der dei laga ting frå gamledagar , på grunn av 150 års-jubileet til Fitjar Kommune. Det blei då til at 6B hadde kosekveld/aktivitetskveld  torsdag 18.11.2009 klokka 18.00 til 20.30. Så gjekk heile gjengen på 44 stk. ned på sløydsalen, bortsett frå to damer  Tone  Willhelmsen og Anita Havn som lagde graut. Dei andre laget båtar og stylter som dei skal prøve på utedagane dei har ein gong i månaden.

”Kjempekjekt!!!” sa Johannes Myhre.

Etterpå vart det matøkt med to sortar graut: risgraut og rømmegraut. Alle åt godt og koste seg. No var det opptreden  av 6B. John Kevin Sandvik spelte eit stykke på tverrfløyta, Eirik Hovland og  Vebjørn Larsen hadde laget rapp og framførte den og fekk med seg publikumet og. Klassen hadde og laga rapp, og nokon gjekk inn i ein ring og dansa. Sandra Pedersen og  Katrine Hatlevik Kjerland  spelte Tuppen og Lillemor mens klassen song.

”Det er veldig kjekt når me er ilag både foreldre og ungar!” seier Rune Longfjeld Rimmereid

Det blei og litt latter på dei vaksne når klassen framførte ein leik der  gymlæraren (i leiken) Vebjørn Larsen nesten fekk ein malarkost frå malaren (i leiken) Jon Inntveit  eller ei hand frå politimannen (i leiken) Christian Helland i hovudet.

Det blei ein god applaus for alle framføringane  Så var det takk til dei som laga til kvelden Roald Myhre og Gunnar Inntveit.

 

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...
annonse
annonse

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse

Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil!

20.07.2018 Kjetil Rydland

Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland. Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil Sist...

Les meir ...
annonse