16.000 kr. til SOS-barnebyer

I ein stappfull gymsal sat elevar frå mellomsteget, tanter og onklar, samt foreldre og koste seg med kaker,kaffi og saft. Dei kunne gjetta på ting , kjøpa elevlaga kalendrar, handla i kiosk,kjøpa årer eller vera med i allsongen.

Elevane i 5.-7.klasse hadde invitert til basar og alle elevane  hadde  teke  med seg gevinstar. Lærarar og assistentar hadde baka og teke med kaffi . No var elevane i full gong med kafesal, tippestasjonar og  lett underhaldning før det store åresalet starta.  Stemninga var god . Folk prata og song, medan lappar, kaker og rundstykke gjekk ned for full hals.

Ingen tvil om at dette smakte og var godt motteke.

Elevrådet v/Rimbareid skule hadde bestemt kva pengane skulle nyttast til. Eigne journalistar; Sandra Pedersen, Sofie L. Helland, Inger Slettebø og Johanna V. Jensen, gjekk rundt og følte på stemninga.

Johanna Vasslid Jensen i klasse 6A stilte nokre av dei frammøtte desse spørsmåla:

1. Kva synest du om at me har ein basar her i gymsalen?
2. Kva synst du om at pengane går til SOS-Barnebyer?

Her er nokre av svara:

Aleksander Helland
1. Greit og få gjort det.
2. Det  er greit fordi dei då  får mat og hjelp!
Aleksander Helland 1. Greit og få gjort det. 2. Det er greit fordi dei då får mat og hjelp!

Ole Bergesen
1. Det er veldig flott at pengane går til SOS-Barnebyer.
2. Jo,fordi det er viktig at pengane går til barn som treng hjelp.
Ole Bergesen 1. Det er veldig flott at pengane går til SOS-Barnebyer. 2. Jo,fordi det er viktig at pengane går til barn som treng hjelp.

Vidar Larsen
1. Han skryt av oss  og seier dette er bra!
2. Dei treng hjelp til skulegong og heimar for born. Derfor er dette fantastisk.
Vidar Larsen 1. Han skryt av oss og seier dette er bra! 2. Dei treng hjelp til skulegong og heimar for born. Derfor er dette fantastisk.