Siste del av Polen-turen

Her kjem dei to siste dagsrapportane frå 10. klasse sin tur til Polen.

Fredag, 25. september

Me stod opp tidleg, og åt frukost i hotellets bowlinghall. Etter å ha sjekka ut av hotellet køyrde me vidare til Sachenhausen fangeleir. Der fekk me sjå dissekeringsrommet, der mange grusomme hendingar tok til, blandt anna var det fangar som blei flådd for at skinnet deira kunne brukast til lampeskjermar og liknande. Til slikt var sjømenn med tatoveringar veldig populære. Me fekk sjå kvar nordmenna budde under oppholda sine og me fekk veta meir om Røde Kors sitt arbeid for å hjelpe dei nordiske fangane. Seinare på dagen åt me lunsj på Templiner Hof, ein restaurant i ein kosleg liten landsby.

 Ikkje langt frå Templiner Hof låg kvinneleiren Ravensbrück. Fengselet i leiren var omgjort til museum, der kvart land hadde fått si utstilling i cellene. Dette var ein av dei leirane som gjorde sterkast inntrykk, iallefall på jentene. Me fekk òg sjå krematoriet og appellplassen.

Som avslutning hadde me ei minnestund ved Tårenes sjø, der det blei song, minnesord og rosenedlegging i sjøen. Dette gjorde inntrykk på dei fleste.

Seinare køyrde me mot Rostock og Scandlinesferja me skulle ta til Trelleborg. Me hadde ein times stopp på eit kjøpesenter i Rostock der me fekk brukt opp siste rest av euroane.

Då me ankom ferjekaien måtte me vente i to timar på ferja. Då me omsider kom om bord i ferja var alle trøtte og leie, men nøgd etter ei fin oppleving.

Laurdag 26. september

Fy, kor fort tida har gått. No er me på siste etappe på vegen heim mot Fitjar. Me begynte i Berlin, med godt humør og gode vener. Det har vore ei heilt fantastisk reise, og eg hadde trudd at all busskjøringa ville bli kjedelig, men eg trur at dei fleste einige i at det gjorde at fleire av oss var saman med folk dei ikkje hadde trudd dei ville vera med, og det er eit stort pluss!

Klassen har mange gode minner og opplevingar som bygger karakter hos kvar enkelt elev. Me er alle takksamme for at me fekk reise på ei slik reise. Reisa var godt opplagt og det fortener Aktive Fredsreiser ros for. Me vil anbefala til alle å reisa på ein slik tur, me hadde det gøy, og me hadde det trist. Men alt i alt så har det vore ei kjempe oppleving, og noko me aldri kjem til å gløyme!