Velvære i Berlin

Den 5. dagen på Polenturen til 10. klasse gjekk turen til Tyskland.

Onsdag 23. september

Dagen starta med tidleg frukost på hotellet, kl.7. Det hadde seg sånn at nokre av oss måtte bu på eit anna hotell pga rommangel. Etter frukost bar det av gårde til Tyskland, nærare sagt Berling og Tropical Island. Stemninga på bussen var det ikkje noko å klaga på, folk flest var i godt humør og såg fram til ein flott dag. Bussturen tok vel 6-7 timar. Tropical Island er laga utav ein luftballong hangard. Kula er 107 meter høg, 360 meter lang og 210 meter brei, og det var 26 grader på land og i vatnet var det 32 grader.

Det var nok av ting å gjera, den blå lagunen, fossefall, boblebad og ikkje minst sklier. Den raskaste av dei hadde ein fart på 75 km/t, og der var det både elevar, foreldre og til og med lærarar som boltra seg.

I eit forsøk på å finne fram til spaet, klarte fleire av oss å rota seg inn på nudiststranda. Ei lita skrekkoppleving. Me fekk og oppleva eit fantastisk show med turning og akrobatikk.

Før me reiste vidare til hotellet, fekk me eit godt måltid, der me sjølv fekk velgja maten.

Det var ein fin dag der me fekk ei fin oppleving.