Vondskapens dag i Polen

Den 4. dagen på Polenturen til 10. klasse vart kalla "vondskapens dag".

Tysdagen var dagen alle hadde snakka om. Vondskapens dag vart den kalla, og ikkje utan grunn. Me besøkte dei tyske dødsleirane Auschwitz I – Stamlager og Auschwitz II – Birkenau, som ligg i byen Oswiecim i Polen.

Fyrste omvisning var i Birkenau. Der fekk me gå inn i brakkene der fangane hadde budd, men det var vanskelig å førestilla seg korleis fangane hadde hatt det. Birkenau var ein kjempestor ” dødsfabrikk” på 1500 mål og planane var etter kvart å dobla han.

Det var enklare å førestilla seg at dette handla om menneske då me etter lunsj kjørte bort til naboleiren Stamlager. Her var det utstilt mengder av ting som fangane hadde hatt med seg. Me fekk til dømes sjå koffertar, klede, sko, tannbørstar og leiker. Det verste var alt håret som var blitt barbert av fangane. Alle fangane vart barbert då dei kom til leiren, og alt håret var blitt tatt vare på eller resirkulert til tepper og liknande.

Etter besøket i leirane fekk me møta tidsvitnet Maria Gabrielsen og høyra hennar gripande historie. Ho og dei seks syskena hadde blitt angitt av mora og hamna i konsentrasjonsleiren Theresienstadt.

Etter ein slik dag var det deilig å reise inn til Krakow og sitje på kafé og eta is.

Enden av sporet. Birkenau.
Enden av sporet. Birkenau.
Brakkene i Birkenau.
Brakkene i Birkenau.
Inne i ei brakke for menn.
Inne i ei brakke for menn.
Inne i ei kvinnebrakke.
Inne i ei kvinnebrakke.
Krematoriet i Birkenau.
Krematoriet i Birkenau.