Tur til Polen

Mandag 21. september var turfølgjet frå Fitjar i Krakow og Wieliczka.

I dag, måndag var me i Krakow og i saltgruvene, og seinare på kvelden vart det mat og folklore i Krakow. Det var frukost 07.00 så me måtte reisa opp tidleg. Frukosten var grei, men tok lang tid og få ned. Etter frukost gjekk me opp på romma våre og gjorde oss klar til å gå. Mange sløve fjes møtte opp til bussen som gjekk 08.00 til Krakow.

Me var framme i Krakow i tolv/eitt-tida. Då gjekk me opp til Wavel-borga. Oppe med borga var det ikkje lov til å gå på plenen men det fekk ikkje alle mødrene med seg, men dei var raske av plenen når det gjekk opp for dei!

Etter me hadde vore oppe ved borga gjekk me til marknadsplassen. Der fekk me gå rundt på egen hand. Klokka 15.10 kjørte me til saltgruvene i Wieliczka. I saltegruvene var det meste laga av salt og viss me var i tvil kunne berre sleika! Me var nede på 125 m under jorda. I kapellet der song me «You rise me up». Audun og reiseledar song duett. Det var kjekt i gruvene men vart keisamt i lengda.

 Klokka 20.00 var me tilbake i Krakow på eit hotell. Der åt me kveldsmat og etterpå kom det nokre og dansa folkedans for oss, og etterpå dansa dei med oss.

Klokka 22.00 vart me kjørt til hotellet me skulle sova på. Der vert det styr med romfordelinga men alle kom på plass og fekk sova den natta òg.

Krakow.
Krakow.