Avreise til Polen

Her kan du lesa elevane sine eigne dagsrapportar frå dag 1 og dag 2 av 10.  klasse sin tur til Polen.

Laurdag 19. september

Vi måtte møte kl 04:30 ved skulen. Bussene gjekk 05:21 frå skulen. Det var ein hard og lang tur. Kjørte i 8 timer med buss, så mange folk vart lei. Me stoppa på Røldal og Åmot. Bussjåføren måtte begynna med kvilepause så vi kom nesten for seint til å nå Color Line Fantastic. Men heldigvis kom vi tidsnok. Sjåføren kom for seint så han måtte kjøre ned til Kiel. Det var mykje aktivitetar på båten.

 Simon og Andreas

 

Søndag 20. september

Me kom fram til Tyskland med Color Line Fantasy  i 10 tida på morgonen. Kjørte til grensa mellom Tyskland og Polen, stod der i nokre minuttar. Me måtte sitja heilt i ro, ikkje smile og ikkje le. Alle måtte ha bilbelte på seg. Viss me gjorde noko av det og nokon såg oss, kunne me risikera å bli ståandes der i fleire timar. Det var strengt forbudt å ta bilde med diverse fotoapparat, men det var det jo selvfølgelig nokon som  ikkje fekk med seg. Heldigvis var det ingen som såg det. Me hadde mangen stopp på vei til Polen. Me stoppa og åt mat på MacDonalds. Litt seinare på kvelden, fekk me sjå ein film. Den heiter «Pay it forward», den var ganske trist.

Me brukte til saman 11 timar. Me hadde ein  morosam reiseledar med oss i bussen, så  det føltes ikkje som om at me sat i bussen i 11 timar. 

Me kom fram til hotellet, 21.00. Hotellet heiter Hotel Diament. Det var 3-stjerners, men skulle trudd det var mykje meir! Utrulig fint, og veldig god mat. Einaste bakdelen med hotellet, var at det var 2 mannsrom, så det var ikkje alle som fekk sove med dei som dei ville sove i lag med.

Middagen den dagen var, potetstappe og villsvin. Var godt det, men blei litt lei av det når me fekk det fleire gongar den veka. Når me hadde ete, gjekk alle på romma sine. Trur alle var sletne etter ein heil dag i buss. Romma var fine, gode dusjar, det var TV og gratis internett.

 Ailing Krosvik og Theresa Heggøy

På veg ut frå Oslo med Color Line Fantasy.
På veg ut frå Oslo med Color Line Fantasy.