Temakveld om nettbruk

Det vart ei svært interessan kveldsstund for dei vel 60 frammøtte som hadde kome for å høyra Tønnesen frå Barnevakten snakka om nettbruk blant barn og unge.

Det var FAU (foreldrerådet sitt arbeidsutval) ved Rimbareid skule som inviterte til temakveld i gymnastikksalen på Rimbareid skule. Invitasjon hadde i tillegg til å gå ut til alle førsesette med ungar på Rimbareid barne- og ungdomsskule og gått ut til lærarane ved alle dei 3 grunnskulane i kommunen, og føresette som har elevar ved Øvrebygda og Sælevik skule.

Det var ei engasjert og kunnskapsrik  Kjellaug Tønnesen som kom frå Barnevakten for å forelesa om temaet nettbruk og mobilbruk blant barn og unge. Tidlegare på dagen hadde ho hatt timar med elevar i 6. og 7. klasse ved Rimbareid skule. Både elevar og lærarar skrytte av det dei hadde lært desse timane, og for oss som var på temamøtet om kvelden var det interessant å høyra kva elevane hadde kome med tidlegare på dagen. Kjellaug snakka om kva ungar og ungdomar held på med på nettet for tida, ho forklarde dei ulike tinga og kom med velmeinande og forståelege råd. Det er mykje bra med internett, men det er og mange utfordringar med det, og den største utfordringa er kanskje nett-mobbing. Ho oppfordra difor foreldra til å spørja ungane sine om korleis dei har hatt det på nettet i dag. "Det er viktig å visa interesse", sa ho. Det er ikkje alltid lett for foreldra, sidan mange ungar kan vel så mykje om dette som dei sjølve, og det kan vera vanskeleg forstår kva det handlar om. "Men ver nygjerrige for det dei held på med", oppforda Kjellaug.

For at ungane skal kunna bruka nettet trygt er det viktig med opplæring, bevistgjering og reglar.

For dei som er interessert i å læra meir om god og trygg nettbruk kan dei gå inn på Barnevakten si heimeside her