Måndag 22. Januar 2018


Polen-samling

Etter ein fantastisk tur til Polen og Tyskland ville elevane i 10. klasse dela nokre av opplevingane sine med kvarandre og foreldra, og inviterte til mimrekveld på Øvrebygda skule.

"Arbeidet med denne turen tok til for fleire år sidan. Yahooo! Me klarde å få det til og no skal me ha mimrekveld", var opningsorda til  Vigdis Røen, som kunne ynskja heile 130 stykker velkomne. Røen var foreldrekontakt i denne klassen då dei gjekk i 9., og deltok då i planlegginga av turen.  I tillegg til elevar, foreldre og andre slektningar var og ein representant frå Fitjar kraftlag, som hadde vore med å sponsa turen, rektor ved Rimbareid skule Svein Kåre Meling, representantar frå FAU og foreldrekontaktar i 8. klasse invitert til å koma og få eit innblikk i dei sterke opplevingane til turdeltakarane .

50 elevar, dvs alle elevane i 10 klasse, var med på "freds-turen", som gjekk til Polen og Tyskland for bl.a. å læra om historien frå 2. verdskrig. I tillegg var og 33 foreldre og  4 lærarar med. For lærarane var dette ein rein studietur, og dei hadde ingenting ansvar verken for elevane eller opplegget. Foreldra arrangerte turen og opplegget var det Aktive fredsreiser som stod for. Turen varde i 8 dagar og det var med to reiseleiarar frå Aktive fredsreiser. 

Turid Marie Fitjar og Siri Landa synte bilete frå dei sterke møta med bl.a konsentrasjonssleirane. Siri fortalde vidare at dei gjorde mykje anna og på turen, kjekke ting, som å køyra lenge med buss... Ho trudde bussturen skulle bli kjedeleg, men det gjekk heilt fint. Forsamlinga fekk og sjå bilete frå desse opplevingane

Då ordet var fritt, var det ein del vaksne som ville sei noko. Aud Lillenes Helland takka for ein kjempekjekk tur der ungdomane hadde oppførd seg ekspemplarisk. Det same gjekk igjen i alle helsingane. "Veldig kjekk tur og eksemplariske ungdomar". "Det var vel verd pengane, alle dugnadstimane og all innsatsen ellers". "Klassen og foreldregruppa vart samansveisa". "Det var kjekt å ha lærarane med seg, sjølv om dei ikkje hadde noko ansvar". "Veret var fint og varmt. Me opplevde både gode ting, kjekke ting og triste ting ilag".  Mange viste til at ungdomane hadde fått mykje skryt overalt, på ferja, på hotellet og  i konsentrasjonsleirane.

Ann Sofie Drønen, som er ein av lærane til denne flotte elevflokken og som var med til Polen, takka og for turen og sa at ho er full av ærbødigheit for det dei fekk vera med på. "Takk for at me fekk vera med, og takk til foreldra for alt arbeidet dei har gjort med turen . Det å vera saman i slike situasjonar  har gitt oss alle mykje fagleg og mykje som menneske.  Det å kunna le og grina ilag har vore flott."

I tillegg til å syna bilete frå turen  og høve til å sei noko, var det og litt anna underhaldning, enkel servering og drøs over kaffikoppane.

Det var musikkalsk innslag ved Line Jensen Westvik på trommer og Siri Landa og Stine Vesterheim på song, og danseinnsalg ved Turid Marie Fitjar, Ragnhild Prestbø, Anne-Margrethe Leirvik og Marianne Raunholm.

Denne kvelden skulle eigentleg alle turdeltakarane fått diplomar frå Fredsreiser for gjennomførd tur, men dessverre mangla nokre av diplomane, så dei vert delt ut seinare.

Planen var at dei som var på tur skulle levera daglege rapportar frå turen til Fitjarposten. Det kom slike reisebrev nokre dagar, men det vart vanskeleg å gjennomføra det kvar dag. Av og til var det problem med nettilgang og andre dagar kom dei så seint fram til hotellet at dei ikkje hadde tid til å senda over noko. Dei har likevel skrive dagsrapportar og desse vert no publisert her på Fitjarpsoten saman med bilete frå turen.

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...
annonse
annonse

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...
annonse

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...