Klar for haustmørket

Alle 1.-klassingane ved Rimbareid skule fekk utdelt refleksvestar i dag, og elevane ynskjer å sei  tusen takk til dei som har kjøpt vestane til dei.

29 boblande 1. klassingar samlar seg inne i fellesrommet deira på Rimbareid skule. Det tek ei stund før alle er på plass. Jakkar skal hengast opp, tårer skal tørkast, og nokon må på do. Så er alle klar til å høyra på lærar Ingvild Brekke Myhre. "Kvifor er det viktig med refleksvest?", spør ho. Mange hender i veret. "Fordi dei skal sjå bilane". Eller omvendt; fordi  bilane skal sjå oss, vert dei eing om. " Lyser vestane av seg sjølv?"  Nei, når det er heilt mørkt vises dei ikkje , men når nokon lyser på dei då lyser dei. "Kven er det som er ute på vegen og som har lys, då?" spør Ingvild?. "Månen".  Ja, men han er ikkje på vegen. "Bilane har lys." "Syklane har lys".  "Og motorsyklane har lys". Ungane kan dette, og det er godt, for om ei stund vert det heilt mørkt om morgonen når 1. klassingane og dei andre elevane skal på skulen. "Og så er det viktig at verken bilar eller syklar køyrer på oss, og når dei har lys så ser me dei, og når me har refleksvest så ser dei oss", fortset læraren.  "Men me må likevel passa oss for bilane", minner Ingvild om. "Og så må de hugsa å bruka refleksvestane, når de skal på tur om kvelden, når de skal på idrettsskulen, når de skal på besøk eller i selskap, når de skal stå å venta på drosjen om morgonen og dei som går må sjølvsagt hugsa å ha vesten på seg".

Vestane til 1. klassingane på Rimbareid skule er sponsa av Vest elektro og Novo snikkeri. Elevane vil gjerne takka dei og har laga flotte refleksbilete som dei skal gje til dei to lokal bedriftene som takk. "Tusen takk for refleksvestane" står det, og så har dei teikna bilete av ungar med refleksvestar.

Så skjer den høgtidelege overrekkinga, der dei i tillegg til å få vestane får god trening i å ta imot og å uttrykka takk. Etterpå står 29 stolte 1. klassingar der med flotte gule vestar som lyser i mørket når nokon lyser på dei. Kanskje dei må testast allereie i kveld...?

Elevane boblar vidare. "Det er tid for å synge nå....hode, kne og tå. Mage, lår og  rompa går..det er tid for å hoppe nå...det er tid for å hoppe dagen lang, nå er vi igang....." høyrer  me 29 glade, lysande gule, 1. klassingar synga medan me går.

Refleksvestane virkar godt!
Refleksvestane virkar godt!