Kjekkaste dagen

"Ditta e den kjekkaste dagen i livet mitt", sa ein av 4. klassingane under fiskedagen dei hadde ein fredag midt i september.

Eit av tema i 4. klasse i naturfag er livet i havet, og i samband med det inviterte foreldrekontaktane i 4 b elevar, foreldre og lærar til ein fiskedag. Etter endt skuledag samlast klassen ved naustet til Sølvi Ann H. og Ove Nesbø på Kalveid. Nokre hadde satt ut garn, ruser og teiner kvelden før, og mange stilte med båt og fiskeutstyr. Ungane og dei vaksne var fordelt i båtane og fekk ein flott fisketur i strålande kveldssol. Fangsten var ikkje så stor, men ingen klaga på det. Nokre forklarde at ein kval hadde stokke av med snøre deira, andre kom med ein fugl som hadde sete fast i garnet. Men nokon hadde både fisk og krabbe i stampen då dei kom attende til naustet.

Ein gjeng mødre og fedre kokte både fiskesuppe og krabbe på kaien. Dei aller fleste smakte på begge deler, og dei som er glad i sjømat vart gode og mette.

Vel så kjekt som å trekkja garn, dra opp ruser og å fiska frå båt var det å fiska frå bryggjekanten ved naustet.

Ein del prøvde seg på sløying, og underleg nok trongs det verken plaster eller sying etter arbeidet. Ein guteflokk haldt på med det nesten heile kvelden, og det mest spennande var nok å sløya ei flyndra. Det vart nok ikkje alltid så mykje fisk att då dei var ferdig med sløyinga, filetane vart helst små, men det vart litt fiskekjøt suppa. 

Ungane ville helst ikkje heim, og då me gjekk høyrde nok ein gong ei som ropa: "Eg elske krabbe og eg elske fiskesuppa!"

Fisking frå bryggjekanten. Foto. Hilde Bukkholm Stegane
Fisking frå bryggjekanten. Foto. Hilde Bukkholm Stegane