Høgdepunktet i skuleåret!

Alle elevane i 4. til 6. klasse i Fitjar møttest til idrettsdag på Fitjar Idrettspark torsdag.

Kvifor har me ikkje dette oftare? kom det frå ein av dei ivrige 7.-klassingane under idrettsdagen. Lærar Gunn Evy Nilsen Haaland meiner dette er eit godt uttrykk for kva elevane synest. Dei trivst med fysisk aktivitet og ser fram til idrettsdagen.

Rundt 130 elevar frå dei tre skulane i Fitjar, Sælevik, Øvrebygda og Rimbareid, deltok i dei klassiske øvingane 60 meter, lengde utan tilløp og kast med stor ball. Administrasjonen melder om mange gode resultat. Etter pausen blei det ymse leikar, fotball, landhockey og tautrekking.

Den kalde nordavinden la ingen dempar på stemninga, heller ikkje ein hoggorm som forvilla seg inn på løpebanen. Me list og lempe greidde ein modig lærar å lokka ormen inn i ei tom brusflaske. Og tilbake i naturen bar det for det freda dyret.

Og elevane ser fram til neste idrettsdag - om sørgeleg lenge.