Vatn på russen , gørr på presidenten

Grønrussen på Rimbareid skule hadde onsdag den tradisjonelle ”russedåpen” i storfriminuttet. Som vanleg måtte kvar russ finna seg i å få ein heil bøtte iskaldt vatn tømt over seg, men like tradisjonell slapp ikkje russepresidenten og viserussepresidenten med dette. I bøttene dei fekk over seg var det ei blanding med egg, mel, banan pluss mykje meir. I det heile noko skikkeleg gørr å få over seg. På biletet er det russepresidenten som får gjennomgå.