Besøk til FBI

29. april var gul gruppe frå Fitjarstølane barnehage på besøk hos Fitjar betongindustri.

Dette var ein fin avslutting på eit prosjekt me har hatt i barnehagen. Denne månaden har me hatt mengde som tema. I den sammenheng eksperimenterte me med sement. Kor mykje mørtel måtte me ha i vatn for å oppnå den ønskede konsistensen? I barnehagen rørte me ut betongen for hand, skal sei dette var tungt. Til slutt fekk barna laga handavtrykket sitt i sementen.

Me såg at dei hadde det mykje lettare på Fitjar betongindustri. Der hadde dei tanker som måle opp mengdene og maskiner til å røre med. Me såg korleis betongen kom i betongbilen. Og til slutt fekk me vera med på ein tur i betongbilen. Kjempe kjekt!

Me vil takka Fitjar betongindustri, Jan Helge Bukkøy for at me fekk komme på besøk.

Helsing gul gruppe frå Fitjarstølane barnehage.