Påskevandring i Fitjar kyrkje

I veka før palmesøndag fekk borna i Bakken barnehage gå på påskevandring i Fitjar kyrkje.

Borna kom gruppevis saman med dei tilsette i barnehagen. Sokneprest Olav Oma og styrar Torunn K. Aarskog hadde førebudd og gjennomførte vandringa. Det var laga postar med dei ulike dagane i påskeveka: palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og 1. påskedag. Me gjekk tilbake til barnehagen ei oppleving rikare.

Lars Rydland Sæbø får ”vaska ” føtene. Foto: Bakken barnehage
Lars Rydland Sæbø får ”vaska ” føtene. Foto: Bakken barnehage
1. påskedag, ”Klapp alle hender i glede”. Eline F. Hjelle, Ole Andre Stokken, Eiliv Solbakken. Foto: Bakken barnehage
1. påskedag, ”Klapp alle hender i glede”. Eline F. Hjelle, Ole Andre Stokken, Eiliv Solbakken. Foto: Bakken barnehage