Kunstutstilling i Bakken

Bakken barnehage har hatt fagområdet kunst, kultur og kreativitet som tema i februar og mars månad. Aktiviteten og kreativiteten har vore stor.

Emnet munna ut i ei kunstutstilling i barnehagen torsdag 19. og fredag 20. mars. Foreldra betalte for å sjå og kjøpa kunsten og inntekta resulterte i kr. 2.200 som blei sendt til vennskapsbarnehagen vår i Egypt (Stefanusbarnehagen som Mamma Maggy driv).

Foto: Torunn Aarskog
Foto: Torunn Aarskog
Foto: Torunn Aarskog
Foto: Torunn Aarskog