Velkomen til skulen!

I dag var det innskriving av 28 nye førsteklassingar på Rimbareid skule.

På Rimbareid skule flagga dei i dag for dei nye elevane som skal ta til i 1. klasse hausten 2009. I tillegg vart ungane og foreldra deira møtt av blide elevar med plakatar som det stod "Velkomen til skulen!" på. I døra til 1. klasseavdelinga stod rektor Svein Kåre Meling og tok imot små og store. Ungane var spende og rolege, og samla seg på benkane som var sett fram til dei.

Velkomen til skulen!, helste rektor. Då han vidare bad dei som hadde gledd seg til denne dagen rekka opp handa går så godt som alle hendene i veret, både hendene til ungane, til rektor og lærarane. Dette er ein stor dag! Svein Kåre seier det er den kjekkaste dagen i heile året dette her, like kjekk som julafta...  Så tek han fram innskrivingslista som består av 29 namn. Kjekke og flinke ungar som allereie kan ein heil del, slik som å svara ja og å rekka opp handa, og som skal få mykje kjekt saman her på skulen. Her skal det lærast og leikast.

Rektor presenterte vidare dei to kjekke lærarane som dei nye 1. klassingane skal ha til hausten: Ingvild Brekke Myhre og Solveig Thunesveit. Ungane får og møta to engelske "elevar" som skal gå saman med dei i 1. klasse: Sue og Ted.

Medan foreldra samlar seg på pauserommet saman med rektor får elevane bli meir kjend med Ingvild og Solveig, dei får høyra ei fortelling, og då foreldra kjem tilbake sit ungane roleg og fint på kvar sin stol og teiknar og fargelegg lange larvar.

Ungane strålte og sa det hadde vore kjempekjekt på skulen. Nokre hadde vanskeleg for å gå heim, og syns det er lenge å venta til skulestart i august. Men før den tid får dei nok eit høve til å koma på besøk på skulen, for 4. juni vert det førskuledag for denne kjekke gjengen.

Kyrre Thomassen, Marion Træet og Sofie Rimmereid måtte testa ut leikplassen litt før dei gjekk heim.
Kyrre Thomassen, Marion Træet og Sofie Rimmereid måtte testa ut leikplassen litt før dei gjekk heim.