Måndag 22. Januar 2018


Super innsats på Rimbareid

Måndag arrangerte nokre lærarar på Rimbareid skule skirenn for dei minste elevane. 24 elevar stilte til start.

I strålande sol og glitrande nysnø deltok elevane frå småskulen på "Rimbareidrennet", som me kalla skiløpet eller "ski-potetkastinga". Rennet likna på skiskyting, men i staden for å skyta med gevær kasta deltakarane poteter i bøtte. Elevane gjekk tre rundar i løypa og undervegs var det lagt inn to "skytingar".

Det var stor spenning og tolmodet vart sett på prøve, då dei som skulle delta fekk startnummer på brystet. "Kan me ikkje begynna snart", sa dei ivrigaste. "Klar ferdig gå!", så var nr.1 i gong med nr.2 hakk i hælane 15 sekund seinare. Øyeblikket etterpå var fjorten aktørar i alderen 7 til 10 år ute i skisporet. Det var god stemning og innsatsen var upåklageleg.  

"Oda 5", høyrte ein etter at den første jenta hadde vore inne til første kasting. Det vart full skår og inga ekstratid etter snart halvgått løp. Etterkvart som fleire elevar kom inn til kastinga medan andre snart nærma seg mål, vart det rimeleg travelt for sekretariatet som skulle notera ned resultata.

Mange var trøytte og nøgde med å gå eit løp, men nokre deltok både to og tre gonger. Til slutt var dei så trøytte at dei stupte i mål i skikkeleg Bjørn Dæhli stil.

For nokre av deltakane var målet å verta den beste, mens det for andre var viktig å berre fullføra løpet. Uansett kva mål dei hadde for å delta,  var det sikkert at alle hadde det kjempegøy. "Kan me ikkje ha det i måro òg ?", var det nokon som spurde.

Alle var vinnarar og fekk ein velfortent diplom for flott innsats.

Svein Arne J. Raunholm er sliten etter å ha gått det raskaste løpet.
Foto:Ingvild B. Myhre
Svein Arne J. Raunholm er sliten etter å ha gått det raskaste løpet. Foto:Ingvild B. Myhre

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...
annonse
annonse

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...
annonse

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...