Måndag 22. Januar 2018


Endeleg snø

Ja, endeleg kom snøen! 5A og B var klare for ny utedag med kakao og god niste i sekken og litt andre aktivitetar enn dei me elles har i skulekvardagen.

Me stoppa i  Klosterbakkane.

"Klar ferdig gå" var startropet frå høgaste punktet i bakken. Nedover bakken bar det, - over sjølvlaga hopp og like ned til hovudvegen som var merka med varselstrekant denne dagen. Kjempegøy!

På flata over vegen var det gjort klar for "tikken i månesirkel".

"Kven har han???" Aktivitetsnivået var høgt. Knall og fall, men berre smil!

"Vil nokon ha bollar og brownies? - Eg har baka!" kom det frå Mathias. Klart det! Rundt steinøya midt i bakken kroa dei seg rundt bålet. God niste, pølse, varm kakao og bollar- samt brownies! Fantastisk! Det rare er at alt smakar så utruleg godt her ute i bakkane!

Så var det tid for snøfigurar. I grupper på 3 og 4 pakka dei snøen og trilla for å få byggja den høgaste figuren.

Slik gjekk dagen kjemperaskt. Herleg - med snø som gir rom for mange kjekke aktivitetar!

Helsing 5A/B

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...
annonse
annonse

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...
annonse

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...