Laurdag 21. April 2018


Julefest på Rimbareid

Tradisjonen  tru var det julefest for barneskulen på Rimbareid  siste skuledagen før jul.

Alle elevane frå 1. til 7 klasse var samla,og me fekk oppleva mange kjekke innslag. Elevar frå 6.klasse, som hadde ansvar for å leia festen, byrja med å syngja "Tenn lys" samtundes som dei tende adventsstaken.

Første klasse song "Julepresangen" av Alf Prøysen medan dei viste nokre store flotte teikningar som dei hadde laga. Dei song høgt og klårt og var artige å sjå på.

Nokre jenter frå 4.klasse spela flotte julesongar på piano og blokkfløyte. Etterpå song 5.klasse "Ein stjerne skinner i natt" med fem gutar som solistar.

Kvart år har sjuande klasse julespel, og for tiande året på rad fekk me sjå spelet "Ei glede for heile folket" skrive av Alf Georg Østebrøt. Sjølv om ein har sett det mange gonger blir ein kvart år imponert over kor flinke  teknikkarar, musikarar, songarar, skodespelarar og solistar som finst i elevflokken. Mange imponerte med god innleving i rollene. Høgdepunktet for dei aller minste var nok då den dansande kamelen kom inn på scenen.

Før me gjekk rundt juletreet snakka rektor Svein Kåre Meling til alle elevane. Han fortalde at dei flottaste gåvene han hadde fått var gåver som borna hans hadde laga sjølv. Etterpå spurte han elevane om dei hadde pakka sjølvlaga julepresangar . Nesten alle elevane rakk opp handa, og det er nok mange foreldre eller besteforeldre som kan rekna med ein eller annan unik pakke under juletreet i år.

Festen slutta av med tradisjonell juletregong.

Den flotte gjengen i 7.klasse!
Den flotte gjengen i 7.klasse!

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestival…

19.04.2018 Harald Johan Sandvik

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestivalen Styreleiar Inger Elin Helland orienterte formannskapet i Fitjar om den niande utgåva av Fitjarfestivalen.

Les meir ...
annonse

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass

18.04.2018 Harald Johan Sandvik

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass Olaug Haugen er ny rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik Påtroppande rådmann Olaug Haugen var med på sitt første politiske møte i Fitjar...

Les meir ...

Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestr…

18.04.2018 Kjetil Rydland

Bjørg Strømme og bygdekvinnene har mange jern i elden. Foto: FP-arkiv/KR.  Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestreif  Bli med på bygdekvinnestreif i Omvikdalen 28. april, oppmodar Bjørg Strømme i ei pressemelding.

Les meir ...

Jenter med vinnarvilje!

17.04.2018 Kjetil Rydland

Lagkaptein Marion Træet og Siren Vik hadde god kontroll på midtbanen. Foto: Kjetil Rydland.  Jenter med vinnarvilje! I det sure regnet tysdag kveld var det Fitjar-jentene som viste både mest vilje og...

Les meir ...
annonse

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...
annonse