Laurdag 21. April 2018


CD-prosjekt til inntekt for Ukraina

Fitjar vgs-student, Rebekka Karlsen, laga CD med barnehageborn i praksisperioden sin, til inntekt for born i Ukraina.

-Rebekka Karlsen, som går på "Barn og ungdom" på Fitjar Vidaregåande skule, har vore to veker i praksis på Stuastølen Gardsbarnehage. I denne perioden har ho jobba med å gjera opptak av barna i Stuastølen Gardsbarnehage og Bergly Barnehage når dei syng.

-Resultatet har blitt ei herleg CD-plate med usminka barnesong, heiter det.

Prosjektet har elles ei dobbel målsetjing. I april skal "Barn og ungdoms-klassen"  på Fitjar Vidaregåande, reisa til Ukraina og besøkja ein barneheim. Til dette treng dei midlar. Difor skal  halvparten av inntekta frå CD-salget gå til å finansiera turen, og halvparten skal vera ei gåve til barneheimen.

Elevane vonar sjølvsagt at mange vil nytta høve og kjøpa CD-en, som kostar 100 kroner, og på denne måten støtta prosjektet.

CD-en er i sal på Fitjar Vidaregåande skule og Bok- og Media på Stord. Du kan òg tinga han på  tlf 454 25 901.

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestival…

19.04.2018 Harald Johan Sandvik

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestivalen Styreleiar Inger Elin Helland orienterte formannskapet i Fitjar om den niande utgåva av Fitjarfestivalen.

Les meir ...
annonse

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass

18.04.2018 Harald Johan Sandvik

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass Olaug Haugen er ny rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik Påtroppande rådmann Olaug Haugen var med på sitt første politiske møte i Fitjar...

Les meir ...

Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestr…

18.04.2018 Kjetil Rydland

Bjørg Strømme og bygdekvinnene har mange jern i elden. Foto: FP-arkiv/KR.  Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestreif  Bli med på bygdekvinnestreif i Omvikdalen 28. april, oppmodar Bjørg Strømme i ei pressemelding.

Les meir ...

Jenter med vinnarvilje!

17.04.2018 Kjetil Rydland

Lagkaptein Marion Træet og Siren Vik hadde god kontroll på midtbanen. Foto: Kjetil Rydland.  Jenter med vinnarvilje! I det sure regnet tysdag kveld var det Fitjar-jentene som viste både mest vilje og...

Les meir ...
annonse

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...
annonse