Onsdag 17. Januar 2018


Spennande strikkeprosjekt

På Fitjar vidaregåande skule, på design-  og handverklinja, strikkar dei på strikkemaskin, og det skal dei gjera i to veker.

I samband med ”open dag” på Fitjar vidaregåande skule, bestemte tekstillina ved design og handverk seg for å leiga inn nokre strikkemaskinar. Nokre av dei er lånt inn frå museumet, medan resten er lånt frå Ingjerd Monsen Hjelmeland. Desse strikkemaskinane skal dei no ha i to veker framover då dei skal strikka på ullsjal.

Tok bestillingar                               
Som god reklame, og for å visa litt av det dei held på med, strikkar dei difor sjal. Då det var ”open dag” i helga, tok dei i mot bestillinger, og dei skal no strikka ferdig dei opp i mot 50 bestillingene dei har fått. Dei fortel at folk ynskja å gje slike sjal i julegåve, og dei har difor mykje arbeid framfor seg i tida som kjem. Dei er glad for at dei har fått så mange bestillingar, då pengane skal gå til klassetur.

Flotte fargar
Dei som ville bestilla slike sjal, hadde mange valmoglegheiter. Du kunne sjølv få velja mellom mange flotte fargar, i tillegg til at det var tre ulike størrelsar. Einsfarga, fleire fargar, systematiske striper, varierte striper. Ja, du kunne få sjalet ditt akkurat slik du ynskja det.

Kjekt arbeid                
Elevane har ingenting i mot å sitja med dette arbeidet i to veker. Litt allmennfag skal dei òg ha innimellom. Dei kosar seg, og seier at det er kjekt å halda på med slikt arbeid. ”Men”, seier Jannike Maraas; ”dersom me gjer noko feil, og me må sitja å fiksa på feilen, då er det ikkje så kjekt.” ”Men det går som regel fint”, seier dei alle saman, og smiler.

Høyrer på musikk     
Strikkemaskinane er ikkje lydlause av seg, og difor er det heilt nødvendig å ha noko i øyrene. ”Me plar å høyre på musikk når me arbeidar, då får me ikkje vondt i hovudet,” seier Marte Harestad. Ho held på med ei av bestillingane. Etter at ho er ferdig med sjølve strikkinga, fortel ho vidare at sjalet må dampast. ”Då brukar me dampstrykejern og etter at me har gjort dette, er sjala mjuke i tillegg til at det er fint stroke.

No er det klart for bruk, eller som ei flott julegåve.

Lure teknikkar                      
Til slutt visar dei meg noko dei kan gjera for å unngå at noko gale skal skje. Dei heng lodd på strikketøyet, og dei må alltid hugse på å strame tråden godt. Det har skjedd ei ulukke, og Stine Vaage viser meg feilen, før eg må gå. ”Det er ikkje lenge til eg har fiksa det, så no kan eg snart strikka vidare,” seier ho. Eg takkar for meg, og gledar meg til eg skal få sjalet som eg har bestilt.

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...
annonse
annonse

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...

Zumbafeberen herjar igjen!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Spreke damer på zumbamaraton i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Trude Strand. Zumbafeberen herjar igjen! I dag har over 30 spreke damer gjennomført ein tre timars zumbamaraton, den første i på Fitjar...

Les meir ...

Vipe på Fitjar i dag!

13.01.2018 Kjetil Rydland

Vipa er ein flott fugl. Foto: FP-arkiv/KR.  Vipe på Fitjar i dag! I dag fekk Fitjarposten årets første melding om at det er observert vipe på Fitjar.

Les meir ...
annonse

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...