Spennande, ny linje ved Fitjar Vidaregåande

Når ”Kunnskapsløftet” blir innført til hausten, vil Fitjar Vidaregåande kunne tilby ”Design og Handverk” som eit nytt praktisk fag.

Det betyr at dei kan ta imot elevar frå Sunnhordland som skal ta utdanning til mellom anna frisør, blomedekoratør, skreddar eller gullsmed, kan ta det første året sitt på Fitjar.

-Elevane ved denne lina får prøva seg på mange ulike verkstadsfag. -Me kjem til å leggje vekt på prosessen frå design til ferdig produkt, seier seksjonsleiar for formgjeving ved Fitjar Vidaregåande skule, Johanne Langeland, til bladet Sunnhordland.