- Håpar sommarfesten er komen for å bli!

Det er rektor Siv Grete Stamnes som seier dette etter den særs vellukka sommarfesten på Rimbareid skule .

Om me skal dømma etter stemninga på skulen under den opne dagen i førre veke, har ho både lærarane og fleire hundre elevar med seg i ønsket. Det er ingen tvil om at dette var ein suksess.

Dette var tredje gongen skulen arrangerte ein slik sommarfest. Alle elevane frå 2. til 9. klasse blei delte inn i aldresblanda grupper, og gjekk rundt frå stasjon til stasjon for å gjera kjekke ting. På programmet stod blant anna hesteskokasting, natursti, og allsong. Ein anna stad stod elevane og kasta papirfly mot eit bordtennisbord som gjorde teneste som flyplass. Gruppene vandra frå stasjon til stasjon, og det såg ut til at aldersblandinga var vellukka. Dei store tok ansvar for dei små, og såg til at gruppene fungerte godt under dei ymse leikane og konkurransane.

Samtidig med dei leikprega aktivitetane til elevane, var skulen open for ålmenta, gjester som var interesserte i å sjå den nye skulen frå innsida. Blide og engsjerte elevvertar viste gjestene rundt på skulen. Ein god del pensjonistar og ungdommar, og enkelte yrkesaktive, nytta høvet til å sjå seg om.

Dei unge vertane tok på oppgåva som omvisarar med liv og lyst. - På denne måten får dei eit eigarforhold til skulen, seier rektor Siv Grete Stamnes. Gjestene blei møtte av rektor og dei unge vertane i hallen, der det var kaffi og vaflar å få.

Det var mykje nytt å sjå for gjestene, som blei geleida rundt i den nye, flotte skulebygningen av Torstein Træet, Damian Marszalek, Marieus Storebø og Marie Bukkøy Langeland. - Det var ikkje akkurat slik i mi tid, kommenterte ein imponert Lars K. Vik. Det er vel lett tru han på det.

Dagen blei avslutta med at elevar og lærarar samlast ute på skuleplassen i den friske vinden.

Har de hatt ein gøy dag? spurte Siv Grete frå talastolen ved brannhydranten. Og fekk eit unisont brøl til svar: Jaa!!