Måndag 16. Juli 2018


- Håpar sommarfesten er komen for å bli!

Det er rektor Siv Grete Stamnes som seier dette etter den særs vellukka sommarfesten på Rimbareid skule .

Om me skal dømma etter stemninga på skulen under den opne dagen i førre veke, har ho både lærarane og fleire hundre elevar med seg i ønsket. Det er ingen tvil om at dette var ein suksess.

Dette var tredje gongen skulen arrangerte ein slik sommarfest. Alle elevane frå 2. til 9. klasse blei delte inn i aldresblanda grupper, og gjekk rundt frå stasjon til stasjon for å gjera kjekke ting. På programmet stod blant anna hesteskokasting, natursti, og allsong. Ein anna stad stod elevane og kasta papirfly mot eit bordtennisbord som gjorde teneste som flyplass. Gruppene vandra frå stasjon til stasjon, og det såg ut til at aldersblandinga var vellukka. Dei store tok ansvar for dei små, og såg til at gruppene fungerte godt under dei ymse leikane og konkurransane.

Samtidig med dei leikprega aktivitetane til elevane, var skulen open for ålmenta, gjester som var interesserte i å sjå den nye skulen frå innsida. Blide og engsjerte elevvertar viste gjestene rundt på skulen. Ein god del pensjonistar og ungdommar, og enkelte yrkesaktive, nytta høvet til å sjå seg om.

Dei unge vertane tok på oppgåva som omvisarar med liv og lyst. - På denne måten får dei eit eigarforhold til skulen, seier rektor Siv Grete Stamnes. Gjestene blei møtte av rektor og dei unge vertane i hallen, der det var kaffi og vaflar å få.

Det var mykje nytt å sjå for gjestene, som blei geleida rundt i den nye, flotte skulebygningen av Torstein Træet, Damian Marszalek, Marieus Storebø og Marie Bukkøy Langeland. - Det var ikkje akkurat slik i mi tid, kommenterte ein imponert Lars K. Vik. Det er vel lett tru han på det.

Dagen blei avslutta med at elevar og lærarar samlast ute på skuleplassen i den friske vinden.

Har de hatt ein gøy dag? spurte Siv Grete frå talastolen ved brannhydranten. Og fekk eit unisont brøl til svar: Jaa!!

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse
annonse

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...
annonse

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse