Ei korka SFO-utstilling

Torbjørn Eiken, Emil Henriksen Sørfonn og Trym Træet i SFO ved Rimbareid skule har den siste tida vore travle med å laga kunst av korkane på mjølkekartongane på skulen. Tysdag var det storstilt opning av utstillinga.

Gjenbruk er i vinden som aldri før, med redesigna mote og program som viser korleis gamle ting kan få ny funksjon. SFO-avdelinga på Rimbareid skule har kasta seg på denne bølgja, og tysdag opna dei ei ustilling i hallen på Rimbareid skule, med verk som har det til felles at dei er laga av mjølkekartongkorkar. SFO-leiar Lisbeth Olsen fortel at det heile starta stille og roleg med eit småskala kunstprosjekt.

- Me skulle laga Madonna og Skrik av Munch med korkar og elevane samla inn korkar i klassane sine. Så kom det ein med ein putekasse full av korkar. Då tok det heilt av og me måtte vera kreative. Og me har ikkje brukt opp halvparten eingong...

Og kreative har dei vore. Ustillinga viser ny og kunstnarisk bruk av korkane på mjølkekartongane. Bileta Madonna og Skrik er på plass, og i tillegg er det andre kunstnarlege uttrykk, som ormar, igloar, lysestakar, bilete og skulpturar, alt med eit tydeleg innslag av korkar som Halvor Larsen såg SFO hadde meir bruk for enn han sjølv.

For inspirasjon var elevane som har valfaget Design og redesign spesialinviterte gjester. Det var klipping av snor, med pålimte korkar, SFO song ein sjølvkomponert korkesong Og som det sømer seg, blei det servert sjampanje i høge glas og kanapéar, dandert på korkar, sjølvsagt.