Gardiner

Rolf Vik, son til Jakob, fann seg ei tomt i lia sør for far sin, med fin utsikt over  Vik og Storavatnet. Det var mykje fjell som måtte skytast vekk, så det vart ei kjempestor røys når tomta var skoten ut. Ein dag når Harald, bror vår, var på besøk frå Leirvik, ville han opp og sjå på tomta. Når han stod der midt i den svære røysa med skytestein, kom spørsmålet til Rolf frå Harald:
-Har du tenkt på gardiner?

Fleire skråblikk frå skotet finn du her