Utanfor mistanke

Når det var fine sommardagar samla det seg ofte folk på Skåtaflekket (Bakken utanfor gamlahuset). Me drakk ettermiddagskaffe der. Ein dag kom Paul (far til Kristoffer Vik) oppom og sat og prata. Lars-en og eg dreiv og kasta med slynge, ei hatlepiske som me sette ei potete på enden på. Me kunne kasta utruleg langt på den måten. Nede på Pådlabakken gjekk gamle Kristoffer (Pådla-Kristoffer) og jaga på nokre sauer.
–Få låna piska sier far vår, så ska me sjå kor ner me kan koma Pådla-Kristoffer. Han sette ei poteta på og heiv. Plutseleg bråvende Pådla-Kristoffer og såg i hendene sine. Han gjekk med hendene på ryggen og oppi der traff poteto. Han lette bakomsteingarden og alle stader der de kunne skjula seg ein gjerningsmann, men fann ingen. Me på Skåtaflekket var utanfor mistanke, for me var for langt vekke.

Fleire skråblikk frå skotet finn du her