Vassbåten

Som dei fleste i Vik, hadde me på Skåtet òg robåt i Storavatnet. Den låg ein del på land, så den lek litt. Det hende det kom einkvan som ville prøva fiskelukka i Storavatnet og spurde om å få låna båten. Det fekk dei som regel på eige ansvar. Men ein gong fekk pappa besøk av to arbeidskameratar frå Kjøtteinen som ville låna den. Då pappa fekk veta at det var dei to, sa han beint nei. På spørsmål om kva årsaka til det var, svarte pappa at han lånte ikkje ut båten utan at dei var tre: Ein til å ro, ein til å ausa og ein til å ropa om hjelp.

Fleire skråblikk frå skotet finn du her