Sileduk

Eg har tidlegare fortalt at eg var på Handelslaget i min ungdom. Ein dag kom Arne Drønen, som var sendt av Nora, for å kjøpa sileduk. Arne og eg leita i rullene etter noko som kunne brukast og vart einige om at denne sorten måtte det vera. Det var ikkje full klaff. Me hadde klypt ein meter av noko som heiter Stramay, som ein visst nok syr på, mellom anna Hardangersaum. Nora sin kommentar var: Dei var nok lika tosne begge to.