Bronsemedaljen

I min ungdom dreiv me mykje med friidrett under helst vanskelege forhold. Men eg minn-est fyrste medaljen eg fekk med meg heim. Ein bronsemedalje etter ein 100 m i Haugesund. Eg var ikkje lite kry då eg viste medaljen når eg kom heim. Bestemor frå Kloster budde hos oss i den tida. Ho var ikkje like imponert, og hennes kommentar var:

– Da e no truskyldig òg. Reise til Haugesund og springa og spåra ei heile helg, og so kjeme heim med ein femøring i band?!