Store hender

Ikkje alle er like frå skapelsen av. Nokre har store føter, og nokre har små. Eg snakka med ein som hadde vore i gebursdagsselskap i ein heim, og då alle var sessa rundt bordet, skulle husbonden lese ei bordbøn. Men han hadde så store hender at då han falda dei på bordet, såg det ut som om han stabla opp eit halvt mål med ved på bordet.

Fleire sråblikk frå skotet finn du her