Er det noko meir de mangla?

Me var ein del ute på reiser i høve av idrettsstemne. Då budde me ofte i lag med dei frå andre idrettslag. Ein gong me var på eit Sunnhordlandsmeisterskap i Uskedal, budde me på eit pensjonat saman med dei frå Stord IL. Det vart gjort avtale om laurdagskvelden at me idrettsfolka skulle koma til frukost søndag, etter at dei andre gjestene var ferdige.

Slik blei det. Det var berre det at ho som hadde med frukosten å gjera den dagen, visste ikkje om denne avtalen, så ho var ikkje heilt god når me møtte opp. Men etter ein del diplomatiske forhandlingar blei det mat.

Det var jo søndag, så me skulle få egg. Ho var ganske morsk i stemma når ho spurde: ”Er det noko meir de mangla?” Då kom det så stilt på ekte nordbygds frå Asbjørn Lunde: ”Det må vera sugerør til eggjo da.”