På veg til Liarbø

Ein dag kom det ei helst omfangsrik dame av bussen på Rydland. Ho spurde ein som stod utanfor butikken der, om det gjekk an å gå gjennom den grindo der for å koma til Liarbø.

– Å, ja, sa han, der har jo køyrt store høylass gjennom den.