Old Man River

Som aktiv idrettsmann i min ungdom, fekk eg mange gode kameratar. Ein av dei var den allsidige idrettsmannen Tjerand Lunde, som òg var overlege på Valen sjukehus. Ein gong fortalde han meg at eg heldt på å øydeleggje ein høgdehopp-konkurranse for han på eit veteranstemne. Før han skulle hoppe hadde eg spurt han om han visste kvifor gamle menn ikkje kunne hoppa høgde. Det visste han ikkje. Då hadde eg sagt: Old Man River.