Fora med sagmo

Ein sjeldan gong var foreldra våre, Knut og Guro, ute på reise. Men når det hende, fekk me ongane ansvar for dyrehaldet heime. Slik var det ein gong dei var på besøk hos slektningar i Odda. Då fekk eg oppgåva å passa grisen med mat og drikke. Eg fekk beskjed om at sekkjen med mjøl til grisen stod i lag med andre for-sekkjer i halvmørkret i løo. Der skulle den ikkje stått.

Det viste seg at grisen ville ikkje eta og blei slakkare og slakkare for kvar dag. Grunnen var at eg hadde teke feil sekk og fora han med sagmo (sagflis). Pappa som såg det morosame i det meste, såg på grisen og klødde seg bak i nakken og sa: Eg trur ikkje me kan slakta denne grisen til jul, me får beint fram saga han opp til ved.