Ei ku til Bergen

Det var ein gong ein kar som dreiv eit gardsbruk ut i Fitjarøyane. Ein dag fann han ut at den gamle kua hans måtte bytast ut med ei ny med større melkeproduksjon. Han fekk henne i båten og frakta henne til Koløyholmen, der hu sku sendast vidare med rutebåten til slaktehuset i Bergen. Men så såg han at han hadde gløymt merkelapp. Han gjekk då inn på butikken og sa:

– Eg skal senda ei ku til Bergen i dag, kan eg ikkje få ein merkelapp og fire tegnestifta?