Sprengingsarbeid i kjeladress

På sekstitalet var eg i mange år kontormann på Fitjar mek. Verkstad. For å få lov til å kjøpa ammunisjon til Hilti-pistolen som vart brukt til å skyta fast treverk til stålplatene i båtane med, måtte me søkje om løyve. Søknadsskjemaet hadde mange spørsmål: Eit av dei var: Sprengingsarbeidet skal utførast i: …………..Der skulle det stå Fitjar kommune.

Eg visste at lensmann Havnerås hadde stor sans for humor, så eg skreiv ”kjeladress” i dette feltet. Eg spurde han om skjemaet var rett utfylt. Då sa han at det var heilt flott, men der som eg hadde skreve ”kjeladress”, der skulle det stått ”gummistøvlar.”