Skitnepengar

I slutten av 1950-åra kom det fire fiskebåtar til Stord verft. Dei skulle utrustast der og sendast til Afrika. Loven er slik at når ein har ekstra svart og skittent arbeid, skal det utbetalast skitnepengar, eller smusstillegg.

Når båtane var nesten ferdig, kom mannskapet frå Afrika, og dei var jo heilt svarte. Ein dag stod dei og malte på overbygget med kvitmaling. Den slagferdige sagvågaren kjem forbi, og seier til målarformannen: -Det har vel rett på skitnepengar dei, no når dei målar med kvitmaling.