Den store kvite flokk

I Musikklaget sine fyrste leveår, så hadde me ikkje adgang til kopieringsmaskin. Dersom fleire skulle ha like notar, måtte me skriva av etter originalen. Dette skulle gjerast med tusjblekk og penn, og med ikkje så altfor  god trening, så vart det ein klatt både her og der.

Framfor ein kyrkjekonsert så kom ein av dei yngste musikarane og beklaga seg til dirigenten, Edvard Hardeland. Han hadde fått ein store, svarte flekk på ”Den store kvite flokk”.