Store knapphol

Me likte å vera med pappa og besten når dei skulle ut med nota. Då var me ofta i lag me dei på Sikje. Eg hugsa ein gong når me skulle dra nota om bord i båten. Då fekk Sikje-Martin problem med ei gamal bukse han hadde teke på seg. Ho ville ikkje vera igjen. Dette var før glidelåsen var vanleg i bukser. Me synest nok at han tok litt hardt i når han sa:

– Det er ikkje løye bokso ikkje vil vera igjen. Knappholo er så store som Gravhalstunellen og knappene ser du ikkje om du forstørra dei hundra millioner gonger.