Longe dorje

Besten vår, Skåte-Jakoben, likte å ha oss skåtagutane med seg på fiske. Me hadde naust nede ved Kjærelvo og dorgde utover Hellandsfjorden. Om det var lite fisk å få, så fekk me som regel ein lyr eller eitkvart i Hellandsstraumen. Me var komne heilt ut forbi Brattabråtet når Ole Helland kom roande utover. Besten og Ole var to humørfulle karar. Her er samtalen.

Besten: Får du nåke?

Ole: Nei.

Besten: Fekk du ikkje nåke i Hellandssstraumen då?

Ole: Eg veit ikkje, eg har so longe dorje at dei er ikkje komne til Hellandsstarumen endå.