Gamlemyren

I Vike-Myro budde der ein svært gamal mann. Han gjekk med stav og hadde langt, grått skjegg.  Me kalte han Gamlemyren. I følge Harald så var han ca. 100 år, men såg eldre ut.

Harald var 4-5 år yngre enn Jakob og eg, så det var ikkje alltid så kjekt å ha ein 6-åring diltande etter oss til stadighet, me som hadde vore fleire år i skulen. Så me gav han beskjed om at viss han absolutt måtte vera ilag med nokon som var eldre enn seg, så kunne han vera i lag med Gamlemyren. Dette skjedde før mobbing var oppfunne.