Piasavakosten

I sin puraste ungdom stod Lars`en bak disken på Handelslaget. Ein dag kom det inn ei dama som ingen hadde lyst til å handla med, for ho klaga alltid for eitkvart. I dag sku ho ha ein piasavakost til å feia utanfor huset med. Dei heng på eit stativ der borte, sa Lars'en, så du får sjå om du finn deg ein som du er fornøgd med. Men det fann ho sjølvsagt ikkje. Men til slutt kom ho no bort med ein.

– Ja, no fann du ein som du var fornøgd med?, spurde Lars`en.

– Nei, på ingen måte, men det var ikkje noko anna.

Den elles så sindige Lars`en vart litt irritert og spurde:

– Skal eg pakka han inn til deg, eller sit du deg på den og fyke han heim sjølv?