Min fyrste sprintsiger

Som ein del av lesarane kjenner til, så dreiv eg ein del med friidrett i min ungdom.

Men min første siger ligg langt bak i tid. Eg skulle trekkja to mjølketenner hos Knut Moe på gamla Tinghuset. Ein fetter hadde trekt utan bedøving, og det ville eg og, særleg etter at dei som hadde vore inne og fått bedøving og skulle sitja ein halvtimes tid å venta at den skulle virka, klaga kor vondt det var. Så var det min tur. Eg vart sett i ein stol, og Knut Moe kom med ein stor tang og bad meg gapa opp. Heldigvis var mammo med og heldt meg i handa. Mo`en vrei og sleit, og det var frykteleg vondt. Men til slutt var tanna ute. Då stakk eg av. Ut av stolen, ut døra, ut gangen og ut i vegen med mammo og Knut Moe etter meg. Dei hadde ikkje sjanse til å ta meg igjen. Tann nummer to fekk stå. Då gjekk det opp for meg at eg hadde visse anlegg for sprint.