Den dagen eg røykte

Eg var vel i ein slags personleg krise når eg var i 7 års alderen. Grunnen var at fl eire av jamnaldringane mine hadde prøvd å røykja, og eg hadde ikkje. Ekstra vanskeleg vart det når ein nabogut som var litt eldre enn meg, reiv papir av ein gråpose som det stod ”Alt de treng kan de få i Fitjar handelslag” på, og baddla seg ein sigarett med ei blanding av tobakk og potetlauv. Han bles ut røyk og sa: ”Dette var leskeleg”. Då bestemte eg meg for at denne livsnytinga skulle eg ikkje gå glipp av. Eg lurte meg til ein liten bete av skråtobakken til besten (Skåta-Jakoben) og karva i pappa (Skåta-Knuten) si pipa, og fyrte i pipa bak løa. Det skulle eg ikkje ha gjort. Eg slapp å fortelja kva eg hadde gjort på når eg kom inn og måtte leggja meg. Dei som såg meg då, sa at det næraste dei kom ansiktsfargen min, var leverpostei. Den dagen slutta eg å røykja, fortel

PS! Eg er heilt god igjen no.