Torskeyngel

Ein fin sumardag skulle me på havet med line. Eg, svigerfar og ein svoger. Då me var komen på fiskeplassen, skulle me slakka ned snøret for å sjå kor djupt det var. Men då me skulle dra opp att, hang det  ein torsk på 16,3 kg på snøret. Eg skulle fortelja dette på arbeidsplassen i matpausen, men så var det berre småfisken eg hadde fått, imot det mange andre hadde fått, like opp i 32 kg. Då var det ein nordlending som sat bak meg dytta meg i ryggen og sa:

– Det er ulovleg fiske du driv. Rovfiske på torskeyngel.