Kortvokst sjåfør

Endå ein episode frå Aker Stord.

Kvar morgon kom det arbeidsbussar frå alle stader på øya. Også frå Sagvåg gjekk det buss, men han som var sjåfør der var som Sakkeus, han var liten av vekst, så han rakk nesten ikkje opp til frontruta.Då sa dei til  den slagferdige Sagvågaren som reiste med bussen:

– Den bussen hadde eg aldri reist med, for sjåføren kan umuleg sjå vegen så liten som han er.

– Jo, seier Sagvågaren, i den bussen sit me trygt, sjåføren er så godt kjend på vegen at han treng ikkje å sjå vegen i det heile tak. Han berre reiser seg opp av og til og ser kor langt han er komen, og når dei er komne til Sagvågen, så er det alltid einkvan som dyttar han i ryggen og seier at no treng han ikkje køyre lenger, for no er me i Sagvågen.