Jobb i vegvesenet

Ein bonde i Hardanger hadde kvart år ein slåttekar som hjelpte han med skrapaslåtten. Ein dag sa han til slåttekaren at no må du ta vare på pengane som du tenar om sumaren, slik at du har noko å leva av når vinteren kjem, og det er vanskeleg å få arbeid.
Jau, det var ein god idé, sa guten.

– Berre det ikkje går med meg som med bror min.

– Korleis gjekk det med han då ?

– Jo, han fekk jobb i vegvesenet han, og tente gode pengar.
Og når vinteren kom, så fekk han fortsetje i vegvesenet, og der vart han sitjande igjen med alt han hadde tent om sumaren.