Formann

Me får framleis halda oss til episodar frå arbeidsplassen.

I ein periode gjekk det fire skyssbåtar med arbeidsfolk frå Halsnøy, Bjoa, Moster og Tittelsnes til Aker Stord. Desse båtane vart ofte nytta til ymse slags landbruksprodukt ved kjøp og sal. Ein morgon kom ein nordbygdar som jobba i maleravdelinga, slitande med ein vær som skulle om bord i ein av skyssbåtane. Ute på kaien møtte han ein formann på plateverkstaden.

– Nei, no Jon er du vorten skikkeleg lat, skal du ha væren til å mala for deg i dag? Svaret kom kontant: Han skal ikkje mala, han skal vera formann.